Loftsvaktaren

Eg heiter Frank. I tiår har eg levd med eit hovud fullt av film. Eg har sett forteljingar utspele seg på lerretet, eg har vore med på å lage film, og eg har skapt mine eigne. Men mest av alt har eg samla på historier.

Hovudet mitt har blitt eit mørkeloft i seg sjølv; stappa med idear, karakterar og scener som aldri slapp heilt fri. Dei finst som notat på små lappar, som sporadiske dokument på ein laptop, som filmmanus som aldri blei til film.

No opnar eg døra til loftet.

Mørkeloftet er staden der desse historiene endeleg skal få sleppe ut. Her skal idear som var tenkt for film bli omforma til korte forteljingar. Kanskje ein dag blir dei til noko endå lengre.

Dette er ei reise eg startar seint i livet. Eg er 50 år, og norsk var aldri mi sterkaste side på skulen. Læraren min skrytte av kreativiteten, men arka mine var ofte fulle av raudt blekk. Grammatikken var ein kamp.

Derfor har eg oppretta Skriveverkstaden her inne. Det er ikkje berre ein blogg om prosessen min, men ein open invitasjon. Kanskje finst det andre der ute som også vil skape? Eg kjem ikkje til å framstille meg sjølv som eit skrivande geni. Tvert imot. Her startar eg med blanke ark, med ei djup respekt for handverket og ein brennande lidenskap for historieforteljing – uansett kva form ho tek.

Eg er her med audmjukskap og eit fokus på prosessen, i håp om at eg ein dag kan vere stolt av det eg skriv.

Bli med på reisa mi.