Velkomen opp på Mørkeloftet – mitt faste haldepunkt for musikk, skaparglede og livet elles.
Eg heiter Frank. I tiår har eg levd med eit hovud fullt av film. Eg har sett forteljingar utspele seg på lerretet, og eg har vore med på å lage film. Alt om film skjer på FILMLOFTET
Eg er ein kar i 50-åra, busett på ei øy i havgapet på Sunnmøre. Her ute på landet, gjerne med mine to shelties springande rundt beina, finn eg rom til å dyrke det som verkeleg gir energi (ja, og ei kone og!).
Med kunstutdanning i botnen har eg alltid hatt ein sterk trong til å uttrykkje meg. Eg er dels fotograf, men på denne bloggen får også andre lidenskapar spelerom. Musikk har alltid vore mykje meir enn berre bakgrunnsstøy for meg; det er minne og rein lidenskap – anten eg jaktar på den rette lyden frå andre, eller skrur fram eigne lydbilde med gitar og synth.
Her inne kjem eg til å dele tankar om låtane og platene som treffer meg, bøker som bit seg fast, augneblink fanga gjennom linsa, og glimt frå kvardagen. Eg skriv rett frå levra, om alt det som gjer livet litt rikare.
Takk for at du stikk innom!