FORTELJINGAR

Her inne vil det kome noveller og korte historiar innan skrekksjangeren. Når eit verk er klart, blir det lagt ut her, før eg går laus på det neste.

Men éin ting er sikkert: Det som blir publisert her, vil ikkje vere perfekt. Langt ifrå. For om eg skal vente på det perfekte, blir eg aldri ferdig. Mi rettesnor er at ei historie er klar når eg anten er fornøgd, eller rett og slett så lei av ho at eg må gje slepp.

Å publisere noko eg ikkje er heilt nøgd med, er også ein viktig del av prosessen.

I starten vil eg bruke stemningsbilete eg har funne på nettet som framheva bilete til kvar post. Målet er å skape den mørke og grøssarlege stemninga som høyrer heime her på loftet. Når eg er modig nok, skal eg byrje å bruke bilete eg sjølv har tatt.

Eg er spent på kor lang tid det vil ta før den første, ekte forteljinga finn vegen hit. Blir det i år? Neste år? Eg kan berre love å prøve så godt eg kan.

Frank

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *