Velkommen Til Mørkeloftet
Loftet har blitt rydda. Dei gamle filmrullane er pakka vekk, fotografiane er lagt i sine esker. No er det berre papir att. Og blekk.
Mørkeloftet har funne si sanne form: ein stad utelukkande vigd til skrivinga. Til kunsten å skape uhygge, ord for ord. Dette er ikkje lenger ein stad for å sjå på skrekk, men for å skape den.
Her inne finn du to hovudrom:
Forteljingar: Her bur dei ferdige historiene. Korte grøss, noveller, og fragment som har funne si endelege form. Dette er dei ferdige produkta, klare for å bli lesne i skinet frå ei einsam lyspære.
Skriveverkstad: Her opnar eg døra til sjølve prosessen. Tankar om skriving, utforsking av idear, frustrasjon, gjennombrot, og refleksjonar rundt handverket. Dette er maskinrommet.
Eg inviterer deg til å lese, til å tenke, og ikkje minst, til å kommentere. Kva fungerer? Kva skremmer deg? Bli med på reisa inn i orda. Velkomen til Mørkeloftet.