Vidaregåande
Eg hugsar frå vidaregåande, i norsktimane då vi hadde levert inn ein stil, brukte læraren å lese dei beste frå elevane. Veldig ofte kjende eg att historiene. Anten var dei tekne direkte frå ein film, eller frå ein teikneserie (noko læraren ikkje hadde aning om) – då læraren sa: «Har du funne på det sjølv?», sa medelevane mine ja. Det reagerte eg på, at dei ikkje ville ha det kjekt og kome på noko sjølve, for det kjekkaste var å høyre noveller, heimelaga med eigne idear.
Men vi var berre seksten-sytten år, og ikkje alle var interesserte i å skrive eller i noveller, forståeleg nok. Uansett reagerte eg med: Kjedeleg! Og ikkje minst, dette med å få skryt for å direkte stele og vere stolt av det.
Ingen historier er 100 % originale, ingen klarar å finne opp hjulet på nytt, dette veit vi, men det er forskjell på å kopiere og raffinere. Eg jobba som kokk i ei periode, og eg var avhengig av å følgje oppskrifta til kjøkkensjefen på punkt og prikke. Eg hadde ikkje nok forståing av faget til å gå min eigen veg. Ikkje før fleire år etter, når eg ikkje jobba som kokk lenger, vart eg kreativ og prøvde meg på raffinering – då vart det spennande!
Det er moro å dikte opp ting, å sjå kor ein endar, berre ved å plukke ting frå minnet og underbevisstet, og mikse det godt inn med fantasi. Ingenting er kjekkare enn å seie til seg sjølv: Eg skreiv dette, og det er mitt, alt saman.