Ny kurs på Mørkeloftet – og eit ærleg ord om KI
Etter ein ganske altoppslukande periode med novelleskriving sa det plutseleg stopp. 11. november skreiv eg mi siste novelle på Mørkeloftet. Men nynorsken studerer eg endå. Til jul fekk eg boka «Nynorsk for dumskallar» av Kristin Fridtun, og ei bok om skrivekunsten.
Likevel må eg vere ærleg med meg sjølv. Filmlidenskapen min vann over forfattardraumen, enkelt og greitt. Eg har stilt meg sjølv fleire spørsmål: Kvifor skape historier? Kor vil eg hen? Svaret er at tida er knapp. Eg er 50 år. For å bli ein god forfattar må eg dedikere kvart minutt av dagen, både til skapinga og til å lære meg nynorsk skikkeleg. Det er eit beintungt arbeid, og eg innsåg at eg har dårleg tid.
Difor må eg bruke tida på det eg allereie kan og elskar: film.
Skrekkfilmens verd
Mørkeloftet skal gjerast om til ei dedikert SKREKKFILM-SIDE.
Eg har elska film sidan eg oppdaga mediet i 1982, då eg såg min første film: Goldfinger (1963). Sidan har film vore den største hobbyen i livet mitt. På den andre sida mi, Filmloftet, bloggar eg om alle typar filmar frå VHS-æraen. Men eg er såpass skrekkgal at eg treng ein eigen stad til sjangeren. Skrekkfilm inneheld så mykje gull frå alle tiår. Så no legg eg frå meg forfattaren i meg, og satsar fullt og heilt på skrekken.
Kunstig intelligens: Eit verktøy, ikkje ein skapar
I eit tidlegare innlegg nemnde eg prosessen min; at eg nyttar KI som verktøy. Ikkje for å skrive historiene for meg, men som grammatikkhjelp og lærar.
Kanskje er det dumt av meg å seie det ope? Mange får ein umiddelbar avsmak berre dei høyrer ordet KI. Det er forståeleg. Difor vil eg understreke éin ting: Eg likar ikkje KI-kunst. Kjem eg til å kjøpe ei bok, eit bilete eller ein film som er laga av AI? Aldri. Eg elskar menneskekunst. Kunst er best når han har sjel.
Når det er sagt, har eg ingen problem med KI som verktøy, brukt med omhu.
Vi har sett liknande teknologiske skift før. Då det digitale kameraet kom, var mange skeptiske. Min gamle kaptein i Luftforsvaret, som hadde jobba analogt heile livet i mørkerom med kjemikaliar, omfamna det digitale fordi det sparte helsa hans. Då Photoshop kom, raste debatten om at det var «juks». I dag er begge delar aksepterte verktøy for kunstnarar.
Min personlege lærar
Eg er verken for eller imot KI på generelt grunnlag – eg utforskar det. Eg brukar det av den enkle grunn at eg treng hjelp.
Kva er alternativa mine for å lære nynorsk i vaksen alder? Studielånet er maksa, og eg har ikkje råd til privatskule. Å finne ein privatlærar er dyrt. Difor bruker eg KI-en (Gemini) som min personlege språklærar.
Når eg skriv dette, ber eg programmet sjå over skrivefeila mine. Men eg gjer meir enn det: Eg spør: «Kva er dei vanlegaste feila mine?» og «Korleis kan eg bli betre?». Slik lærer eg. Etter kvart som språket mitt blir betre, vil eg trenge krykka mindre og mindre.
Hadde eg hatt ein «killswitch» til heile internett, hadde eg kanskje trykt på knappen. Eg saknar videosjappene, roa og den analoge verda. Men teknologien er her, og eg vel å bruke han til å bli betre til å skrive, slik at eg kan dele lidenskapen min for film med dykk.
Velkomen til det nye Mørkeloftet.