Musikk

Kva hadde livet vore utan musikk? Fattig! Musikk er ein like stor hobby for meg som film. Han har hamna litt i baksetet dei siste tre åra, men eg høyrer uansett konstant på musikk. Eg er ein musikksamlar som kjøper både vinyl og CD-ar av ymse slag.

Naturleg nok er det filmmusikk eg har høyrt mest på den siste tida. Det kjem eg til å halde fram med, men eg vil òg hente fram att gamle favorittar innan rock, pop, jazz, blues, klassisk og alle dei andre favorittsjangrane mine. Eg vil enkelt og greit skrive om albuma eg eig fysisk, for å røske skikkeleg liv i lidenskapen att!

No posts