Tankar om depresjon

Å skrive om psykisk sjukdom er vanskeleg. Eg vil ikkje skrive om kor grusamt det er og ta ei altfor negativ vinkling. Det er å skrive positivt om negativt som er målet, og det krev ein del. Det handlar vel mest om å dele erfaringar, for vi er mange. Eg har lese mykje om andre sine utfordringar med sjukdomen og det er gjevande. Nesten som om vi jobbar mot eit felles mål: kvifor slit vi. Og: korleis bli betre.

Eg slit med tre ting: stress, angst og depresjon. Dei tre dominerer meg, og ein av dei er alltid til stades. Verst er det når alle tre kryp rundt inne i skallen. Då må eg slå av alt, kutte all kontakt og trekkje meg vekk frå alt og alle. No har eg gått til psykolog i to år. Vi har byrja å nærme oss eit «kvifor» eller ei slags diagnose, for mitt hovud er uhyre komplisert. Alle sitt hovud er vel i grunnen det. Men eg kan berre snakke for meg sjølv.

Av medisin går eg på Cipralex. Starta på 20 mg. Er no på 5 og 10, ut ifrå forma. Eg føler at Cipralex IKKJE har vore til noka hjelp. Kanskje, når eg køyrer bil og angsten byggjer seg opp. Men om eg føler meg betre, eller lukkelegare, nei. Quetiapin tek eg òg, for å sove. Eigentleg er det eit antipsykotisk stoff, men legar landet rundt skriv det ut som sovemedisin. Dette er eit skummelt stoff, men effektivt til å slå av hovudet fullstendig. Problemet er at alt blir tungt dagen etter, eg blir ein ZOMBIE. Difor har eg trappa ned kraftig. Eg trur eg må finne ei erstatning for begge.

Ein ting har eg oppdaga i mi tid under avklaring: å gjere noko som gjev. Alle av oss gjer eittkvart som tek oss ut av oss sjølve. Ut i frå eigen observasjon, ser eg folk som spelar dataspel – veldig mykje. Eg ser folk som trenar, lyfter vekter eller spring, og treningssenteret er viktig for dei. Andre strikkar, ser TV-seriar, og ikkje minst: drikk alkohol.

Fest var ein livsstil for meg. Alkoholen vart ein nær venn. Heile prosessen kring festing og drikking passa meg utmerkt i store delar av mitt liv. Eg gledde meg til drikkinga, ein rus i seg sjølv. Så var festen høgdepunktet i veka. Så kom dagane med hangover, ein rus i seg sjølv – eg var sløv i hovudet, og det passa meg bra. Talet på festdagar i veka auka, frå ein gong kvar helg på nittitalet, til 3-4 gongar i veka på 2000-talet. Ein vakker dag i 2014 slutta eg. Då kom problema, då eg trudde problema skulle forsvinna, vart dei verre. Alkoholen var ei maskering.

Dyrking av ein lidenskap er viktig, oppdaga eg. Å sjå film og skrive om det er betre medisin enn festinga var. Så å gjere noko, å lese bøker, spele spel, sjå film, høyre musikk, strikke, teikne og trene – alle desse tinga er gull for hovudet.

Eg har merka med meg sjølv at «å leve i fantasien» er bra for meg. At eg er som eit barn som let fantasien ta over kvardagen, som om eg lever i mitt eige personlege rollespel, der ting er magiske og alt er mogleg, så mykje som mogleg inntil den ekte verda innhentar meg. Fantasien kjem når eg ser film eller spelar spel som Cyberpunk 2077, og alt eg bryr meg om er kassettfuturisme og cyberpunk-illusjon. Eller når eg ser John Carpenter-filmar og hamnar i hans verd, med hans musikk og det heile – det er ein god plass å vere mentalt.

Kunst er ein god plass å vere. Når eg ser tilbake på livet mitt, frå start. Musikk, film og teikneseriar var som oksygen for meg. Eg tør ikkje å tenkje på kven eg hadde vore om eg ikkje hadde det. Med sjølvinnsikt har eg òg forstått med tida at: slik fungerer det i mi verd. Då eg møtte på folk i gamle dagar som ikkje høyrte på musikk eller såg film, så forstod eg det ikkje. For meg var det livsnødvendig, så korleis klarte andre å leve utan det!? Men det var oksygenet mitt! Og desse menneska hadde sine ting, sitt livsnødvendige som kunne vera å gå på fjellet, treffe andre menneske, familie – eller å dykkje, sykle, og så vidare.

Privat er eg misantrop. Eg hatar mennesket. Men eg seier det aldri høgt. Eg er elskverdig når eg møter folk, alltid. På ein annan måte er eg ikkje misantrop, for all kunst og fantasi eg fordøyer er menneskeskapt – men generelt sett ser eg ikkje noko håp, inga framtid. Kanskje stammar noko av dette mørkret i hovudet mitt derifrå. Eg klarar berre ikkje å forstå vondskap. Men ikkje berre det, og samfunnssystemet vi lever i, der rike blir rikare og fattige blir fattigare. Der grådigheit sigrar kvar bidige gong. Alt handlar om vekst, økonomisk vekst, som veks som ein jordsleg kreftsvulst og ein dag vil øydeleggje jordkloda.

Alle menneska på jorda berre jobbar og lever, utan å stille spørsmål. Dei lagar seg personlege mål: familie, karriere, ny bil eller hytte, osv. Men mennesket som rase har ingen plan, ingen mål. Når vi burde jobbe mot eit mål, alle oss 8 milliardar individ som vandrar rundt på jorda si overflate. Kva dette målet skulle vere, veit ikkje eg. Med alle smarte Einstein-ar på planeten burde i alle fall ein av dei kome med gode forslag. Eller kanskje er det så enkelt som Bill Hicks si standup-avslutning:

“The world is like a ride in an amusement park, and when you choose to go on it you think it’s real because that’s how powerful our minds are. The ride goes up and down, around and around, it has thrills and chills, and it’s very brightly colored, and it’s very loud, and it’s fun for a while. Many people have been on the ride a long time, and they begin to wonder, «Hey, is this real, or is this just a ride?» And other people have remembered, and they come back to us and say, «Hey, don’t worry; don’t be afraid, ever, because this is just a ride.» And we … kill those people. «Shut him up! I’ve got a lot invested in this ride, shut him up! Look at my furrows of worry, look at my big bank account, and my family. This has to be real.» It’s just a ride. But we always kill the good guys who try and tell us that, you ever notice that? And let the demons run amok … But it doesn’t matter, because it’s just a ride. And we can change it any time we want. It’s only a choice. No effort, no work, no job, no savings of money. Just a simple choice, right now, between fear and love. The eyes of fear want you to put bigger locks on your doors, buy guns, close yourself off. The eyes of love instead see all of us as one. Here’s what we can do to change the world, right now, to a better ride. Take all that money we spend on weapons and defenses each year and instead spend it feeding and clothing and educating the poor of the world, which it would pay for many times over, not one human being excluded, and we could explore space, together, both inner and outer, forever, in peace.”

Eg kjem til å skrive meir om mine erfaringar kring depresjon. Det er ein fin måte å forstå meg sjølv på. Akkurat no er eg på eit stadium der alt er usikkert og uvisst, og eg ser ikkje heilt kvar eg er i framtida. Livbøyen min no er filmsjåinga og skrivinga om film, og sjølvsagt hundane og kona. Livet mitt går i film og psykolog, veke for veke.

Sommartida er den verste delen av året for meg, for det er då, som R.E.M. syng: Shiny Happy People. Alle kjem ut av hiet sitt, alle smiler og er glade. Det er no livet skal levast før mørketida kjem tilbake, og eg held på å bli galen fordi det er så ekstremt lyst ute. Verda vaknar til liv, gamle vener tek meir kontakt, og eg har berre lyst til å byggje meg ein bunkers under jorda og bli verande der inntil vinteren kjem.

MEN, eg vil skrive for å dele erfaringar. Og det er viktig for meg å ikkje vere ein festbrems, eller trekkje ned andre som kanskje les dette. Eg jobbar med saka! Målet er å vinne over mørkret. Eg hadde ikkje skrive dette, eller om film, eller noko på Bluesky, om det ikkje fanst kampvilje i sinnet mitt. Eg har mykje som må ut.

Neste gong vil eg skrive om apati. Der er eg ekspert. Eg er altfor likegyldig, men det er ufrivillig og ein del av problemet mitt. Det blir tema neste gong! Inntil då, god 17. mai! 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *