Hola (fyrste utkast)
Hola
Stillheit. Det var det fyrste eg sansa. Eg kunne ikkje sjå, alt var svart. Kor var eg?
Det drypp, på panna mi, her eg ligg i mørket. Eg hugsar ingenting. Men her ligg eg, på fuktig grunn. I mi høgre hand heldt eg noke, ei lommelykt; eg trykte på knappen. Dette var merkeleg, eg såg massiv gråstein i forskjellige fasongar med tusen ansikt. Kroppen min var dekt av våt leire og gav frå seg vassdamp som følgte ljoset frå lommelykta, og eg reiste meg frå den klibrige våte bakken.
Hola var stor, ei kyrkje hadde enkelt fått plass. Eg kunne ikkje sjå ein utgang, berre stein og skuggar og ansikt. Midt i rommet lå ein stor stein, som som eit talaralter. Kva har eg gjort, tenkte eg. Det stramma seg rundt halsen, det blei hardt å puste. Eg sat meg på huk. Det einaste eg hadde var lykta, ei boks snus og søkkvåte klede på kroppen. Eg ropte “Hallo!” men ingenting svarte, ikkje ein gong eit ekko. Orda blei dempa idet dei kom ut kjeften.
Eg tok til å kontrollere pusten, sakte inn sakte ut, samstundes prøvde eg å samle tankane. Eg måtte ha falt og slått meg —eg sjekka bakhovudet, men ingen kul eller blod. Det einaste eg kunne gjere, var å finne ein utgang, og kome meg ut. Kanskje hukommelsen trengte frisk luft.
“Terje” sa ei stemme, som eg ikkje kunne plassere. Tid, stoppa opp. Kvart eit hår reiste seg på kroppen. Eg kika meg rundt, såg ingenting, berre skyggar på steinveggane. Denne kalde stemma kunne namnet mitt. “Hallo!? “ sa eg svakt. “Du kalla på meg?” sa stemma, no plutseleg bak meg.
Ein skikkelse, satt på ein mindre stein opppå den store steinen, i midten av hola. Eg lyste på han, men eg kunne berre sjå silhuetten, som om lommelykta mi lyste bak han, men auga hans skinte som om han hadde budd her heile livet. Eg stod ei stund og kika i forbauselse. Det var så stille i grotta, eg høyrte kun mitt hjarta som rasa av garde. Skikkelsen, hadde armer, bein og hode, ein liten mann tenkte eg.
“Korleis havna eg her? Kor er eg?”
Skikkelsen stirra, han sa, ingenting.
Eg kika meg rundt, prøvde meg på munter småprat “vi er i ei hole, ikkje sant? Eg vakna her” eg peika på den våte bakken, “og meir huska eg ikkje”, sa eg, og stirra på han igjen. No stod han. Han såg fyrst ut som ein mann, men noke var ikkje heilt i vater: eg syns eg såg ein hale, og hodet hadde nokre fæle utvokster, og ikkje var han liten. Eg prøvde å tenke meg fram logisk kvifor ikkje lykta ville lyse han opp, og i neste øyeblikk kjende eg ei varm væske i ansiktet, det svei, i augona og huda, eg fall ned på bakken og høyrte ein høg latter som nesten sprengte trommehinna. Væsken trengte seg inn alle åpninger, eg drukna nesten og rista febrilsk.
Ei verd åpna seg, som ein film på lerret. Eg kunne sjå meg sjølv sitte ilag med andre, inne på ei stue. Stearinlys var tent, vi satt rundt eit bord, eit brett låg på bordet. Vi satt der med henda på ein kopp, over brettet. Nokre lo. Eg satt der med eit lurt smil og sa noke, ingen lo av det, og glasset bevega seg over bokstaver eg ikkje kunne sjå. Gardinene blaffra, og stearinlyset blei sløkt.
Eg stirra opp i taket i hola, og showet var over. No huska eg alt. Eg sykla hit etterpå, gjennom regn og vind til Dolsteinhola, ute ved det øde havgapet. Det var eit kall, eg måtte hit. Eg gikk opp den bratte stien med lommelykta i skumringa, der hola låg oppe i fjellet. Stoppa og snudde meg mot havet der eg kunne sjå bølgjer slå hardt inn, som blei større og større. Langt utpå var sola på veg ned og det lynte valdsamt. Vidare gjekk eg, nedover no, ned i hola, ned til det ukjente,men det var rart, som om eg visste akkurat kor eg skulle—hadde eg vore her før? Eg klatra, eg kraup og gjekk ned i hola som strakk seg djupt under havoverflata, nedover leire og mold og nedover inntil eg ikkje huskar meir.
No har du sett meg, kviskra stemma, heilt inntil øyret mitt. No kan du gå. Eg stod opp, skikkelsen var vekke. Det var ein stor stillheit i heile grotta, ikkje ein lyd. Men ei lukt kom, ei fæl lukt av råte død og fordervelse. Den blei verre og verre, eg kunne snart ikkje puste, eg måtte spy. Eg leita medan eg kasta opp og brekte meg, og til slutt fant ein passasje. Lukta forfylgde meg. Eg kraup gjennom ein smal og trang kanal, klatra og hoppa ned frå ei etasje, eg håpte eg var på rett veg. Gjennom anuset til eit troll, tenkte eg. Eit svakt lys var lengre der borte, eg sprang og kika opp mot utgangen. Det var her eg kom ned.
Eg kravla oppover langs den glatte skråninga, mot lyset. Mitt andlet var dekt av gårsdagens middag, og den fæle og fole væska som fortsatt svei, kunne knapt sjå! Ikkje langt igjen no, snart der, tenkte eg og greip tak i ei busk like før opninga, men rota, løsna, og lyset gjekk i sirkel medan eg rulla nedover, tilbake til det svarte hølet og eg havna på bakken, igjen, mørkt.
Det drypp på panna mi, her eg ligg i mørket.
slutt
«Hola» er ei forteljing eg slengte meg på i farten. Ho er delvis basert på to ting:
- I somrane 1991 og 1992, då vi var 15 år, stakk eg og ein kompis til Dollsteinhola. Vi hadde nyleg lese i Vestlandsnytt om at kong Arthur ein gong i tida var gift med ei prinsesse på Sandsøya, og legenda seier at han hadde gøymt Den heilage gral inne i Dollsteinhola. Vi lærte også at det budde menneske inne i hola i steinalderen, for det var funne spor der.
Vi snakka også med onkelen min, Fred, som kunne fortelje litt om Dollsteinhola. Han sa: «Under vikingtida vart unge krigarar sende inn i hola som ei modigheitsprøve – for inne i hola budde det eit monster.»
Eg og kompisen min, fulle av eventyrglød, «lånte» båten til far hans, og vi køyrde ut mot ope hav, i retning Sandsøya. Vi trossa sjø og bølgjer og kom oss fram. Vi drog inn i hola utan å ha gjeve lyd frå oss – ingen visste kor vi var. Men inn gjekk vi, med berre éi lommelykt. Hola ligg 60 meter oppe i fjellsida, og så går ho på skrå nedover, 200 meter, har eg lese. Det var fullt av farar. Vi måtte kravle og klatre gjennom smale passasjar. Eg lét kompisen min stå på skuldrene mine, og så drog han meg opp. Iblant måtte vi leggje lommelykta på ei hylle medan vi hjelpte kvarandre. Hadde vi mist lommelykta, eller om batteriet hadde gått tomt, ville vi vorte fanga av mørket. Heilt inst i hola er det eit stort rom. Vi kom oss levande heim, begge turane.
- Hola hadde òg ei anna historie knytt til seg då eg vaks opp. Vandrehistoria fortel: Ein person leika seg med spiritisme og brett saman med nokre vener. Han sa: «Eg vil sjå djevelen», og brettet fortalde han at han måtte kome til Dollsteinhola. Det gjorde han, og i tida etterpå vart han gal.
Så Dollsteinhola dukka opp idet eg skulle skrive ei forteljing, og då vart det slik. Om eg går vidare med «skikkelsen» eller «djevelen» i hola, er eg litt usikker på. No lèt eg fantasien modne. Eg har skjelettet, no må eg prøve å forme det litt. Vel, dette er førsteutkastet. Kanskje vert det store forandringar, kanskje pyntar eg berre på det – men denne skal til slutt leggjast ut på FORTELJINGAR.