Jegeren
Jegeren
Langt ute i skogen ein vinterføremiddag sat Lars oppe i jegerskjulet sitt, godt innpakka i pledd og klede. Han sat på ein liten trestol, med ei pute slik at hemoroidane heldt seg unna.
På golvet låg ei gasslampe og ei korg med mat. I fire timar hadde han venta på eit bytte, og han var ivrig på å teste den nye Remington-rifla si med lyddempar og 8x kikkertsikte.
Litt frustrert sat han og leita etter noko levande. Eit ekorn kom i siktet hans.
«Ein liten krabat, det der. Heilt åleine, på jakt etter nøtter. Hmm. Eit lite trykk frå meg, og snipp er snapp ute, død, ute av gamet. Er det verdt det? Kva om hjorten er like rundt hjørnet? Eg er Gud, eg har ditt liv i mine hender, eg bestemmer om du får leve, kjære ekorn. Eg skal vere snill i dag, men ser eg deg igjen, då er det nåde for skinnet ditt.»
Lars la frå seg rifla, reiste seg og tok det gamle varmetrikset med å slå hendene på ryggen. Han sette seg igjen og fylte opp koppen sin med rykande fersk kaffi, skikkeleg kaffi, altså kokemalen.
«Dette er livet.»
Han kika utover skogen. Alt var stille, dempa av snøen. Nokre fuglar laga lyd, moglegvis ein hakkespett. Det var kaldt, men Lars var førebudd, som han alltid var. Om krigen kom hit, var han klar, for kjellaren heime var stappa med hermetikk. Til og med hans Mitsubishi Outlander hadde eit reservelager.
Med åra hadde Lars vorte litt rar. Kona hadde forlate han. Venene tok ikkje lenger kontakt. Men han hadde det betre utan dei, han trengde ingen. Det beste selskapet og samtalane hadde han med seg sjølv, noko han var stolt av. Og han var sprek. I ein alder av 60 kunne han enkelt gå forbi menn som var tjue år yngre, når han gjekk på fjelltur.
Jaktantrekket hans var perfeksjonert til den minste detalj. T-skjorte av ull innerst, aldri av bomull. Så fleecegenser, så ei skikkeleg dyr friluftsjakke som pusta. Han irriterte seg over folk som ikkje kunne kle seg, som sveitta og vart kalde fordi bomull ikkje lét huda puste. Militærstøvlane var pussa og glinsa, og gode ullsokkar strekte seg opp til låret. «Aldri la ledda vere fri, då vert ein kald.»
«Ahh, dette er livet.» Han tok den siste slurken og pakka ned koppen.
No var han rastlaus. Kvifor skaut han ikkje ekornet? Ei ubrukt rifle gjev inga meining.
«KNEKK!»
Han høyrde ein lyd. Han tok opp rifla og kika utover skogen med siktet. Der, borte i skogholtet, gjekk ein mann med truger.
«Kva i helvete, er dette for slags skrømt», tenkte Lars, litt stressa for at den private fristaden hans skulle bli forstyrra.
Skikkelsen hadde heile kroppen dekt av ei kvit drakt, og svarte solbriller. Først gjekk han litt fram, så tilbake, som om han var forvirra. Lars studerte han nøye. Igjen kom kjensla av å vere Gud, at eit lite, uskuldg press med peikefingeren kunne slette ei stakkars sjel frå tilværet. Kanskje hadde han kone og barn, mor og far, vener. Alle ville bli øydelagde av sorg, skadde for livet, av eit lite trykk.
Den mystiske mannen i kvitt snudde seg mot Lars.
«Han kan umogleg sjå meg her i skjulet. Gå vidare du, kanskje får du leve.»
Mannen stod stille. Så tok han armene opp til andletet og slengte solbrillene på bakken. Så knepte han opp drakta, sakte, og kasta lag for lag, inntil han stod der, naken som Adam.
Lars kunne ikkje tru kva han var vitne til. Så såg han rørsle bak den nakne mannen: Ein kronhjort gjekk ti meter bak han.
Lars sikta fram og tilbake, frå hjort til Adam, Adam til hjort. «Flytt deg, for i helvete!» Her gjekk tidenes kronhjort, det perfekte trofé, men Adam var i vegen. Lars hadde lært å ikkje ta sjansar på jaktprøva, som han bestod med glans. Hjorten gjekk inn i den djupe skogen og forsvann. Men Adam stod der, naken, og stira i retning Lars, som skalv av adrenalin, skuffa over at hjorten slapp unna.
Han la frå seg rifla, tok heller sin Breitler jaktkikkert, fylte opp koppen med kaffi og sette seg godt tilbake, utan å kikke vekk frå Adam i opninga.
«Kva kan eg gjere? Ikkje har eg telefon, og ikkje ein sjanse i helvete om eg går nær det individet. Det hadde vore best å skote han som han står, for å spare han frå kulda – men då vert lensmannen mistenksam. Nei, eg får drikke kaffi og sjå han døy sakte. Forhåpentlegvis kjem hjorten tilbake», tenkte Lars, og tok seg ein slurk kaffi.
«Brgraaaaaa!» brølte Adam, som ein hjort.
Lars sølte kaffi, greip etter rifla i sjokk. «I svarte helvete», sa han.
«Brgraaaaaaa!» igjen. Adam stod der, midt i lysninga, oppå snøen. Lars såg på han med X-en i midten av andletet, fingeren skalv etter å skyte. Adam gapa vidt og såg direkte på Lars.
Plutseleg kom eit skarpt lys i form av ein sirkel over Adam, som stod i midten.
«Brgaaaaaaa!»
Lars kika opp og ned med kikkertsiktet. Han mista nesten synet av blendinga, lyset var så skarpt. Tankane hans gjekk i flyktmodus, men han sat fast i jegerskjulet, pissredd. Snøen rundt Adam smelta, heilt ned til graset. Den nakne mannen stod der, naken midt på ei eng. Blomstrar grodde fram, graset vart frodig. Alt skjedde så fort. I det Adam skulle brøle «Vrgraaa» eksploderte heile kroppen hans. Innvolar, hud og det heile vart spreidd utover graset. Blodet frå kroppen flaug i lufta som vatn i ei fontene. Sirkelen vart ein raud dam.
Lars forstod ingenting. Lyset forsvann, og snøen dala ned.
Fem timar seinare sat Lars i stova si. Han åt oppvarma trøndersodd og stira på TV-en som var avskrudd.
Lars vart aldri seg sjølv igjen.