Korleis eg skriv: prosessen
Sidan eg starta MØRKELOFTET, har eg skrive ein del. Men mest har eg skapt historier i hovudet mitt. Vanlegvis kjem dei når eg går tur med hundane, eller når eg har lagt meg, i den magiske halvtimen før eg sovnar, der eg får tilgang til underbevisstet.
Oftast ser eg éin ting, f.eks. eit jegerskjul, og scener dannar seg. Ikkje frivillig, men fordi eg har gjort det heile livet. Det stammar frå barne- og ungdomstida då vi laga film. I starten var det den eldste broren min som skreiv manus. Då eg starta på vidaregåande, byrja eg å skrive filmmanus, og då trengde eg historier. Denne vana har følgt meg, sjølv om eg aldri har skrive noko før no.
Historiene mine vert då naturleg filmprega. Slik var det òg då eg gjekk kunstfagskulen; fotografia mine fekk alltid kommentaren «filmaktig», noko eg synest er stas, fordi det er det eg vil.
Frå idé til skisse
Eg får altså idear. Skriv dei ned på telefonen eller i ei notatbok. Overalt i huset har eg notatbøker. Nokre idear er tre dagar gamle, andre tretti år. Nokre historier har vorte spelte gjennom hovudet mitt så mange gonger, og utvikla over tid, at dei lever i sinnet mitt som ein ferdig film berre eg får sjå. Eg vil etter kvart prøve å overføre det til papiret, som ei kort historie eller noko større.
Desse historiene skal eg skrive sist, når eg kjenner eg har grepet på skrivinga, og endeleg sleppe dei fri etter tretti års fangenskap – for mi eiga del.
Når ein idé er i boks, byrjar eg skrivinga. Då tenkjer eg ikkje, berre skriv til eg går tom, og held fram dagane etterpå.
Revisjon og verktøy
Når eg er ferdig, kjem den verste delen: revisjon. Å gå over det som har vorte skrive og strukturere. Eg brukar grammatisk hjelp i skriveprogramma. Eg nyttar mange program, eitt på telefonen, eitt på datamaskina. No, til dømes, skriv eg i dokument på telefonen, andre tider på JotterPad eller Obsidian.
Kanskje fleire nyttar kunstig intelligens (AI). Eg brukar IKKJE AI til å skrive historier, aldri. Men eg spør om grammatiske råd, som eit verktøy, for AI er eit godt verktøy om ein brukar det riktig.
Om eg sansar AI i ei tekst eg les, sluttar eg å lese på flekken. Livet er for kort. I filmverda finst det mange filmmeldarar og bloggarar. Nokre gonger har eg sansa AI, men ein veit aldri. Så eg har den regelen at AI skal KUN vere eit verktøy som KUN hjelper meg med grammatikk, og eg spør iblant om råd om struktur. Men elles er det skriveprogrammet som tek den harde jobben med å korrigere skrivefeil, for eg har mange! Men eg har vorte flinkare sidan eg starta Filmloftet, filmbloggen min, der eg har skrive ymse.
Filosofi og skriveglede
Kanskje ein gong tek eg eit skrivekurs. Men akkurat no brukar eg bloggen som ein stad for meg å sleppe laus kreativitet; det handlar mest om å finne skriveglede. Eg har grammatikkbøker og nokre «lær å skrive»-bøker for ferske forfattarar, til dømes: «Skrivekunstens Hemmeligheter» av Niels Christian Geelmuyden.
Filosofisk sett, så veit eg kva eg likar. Charles Bukowski skreiv for folk flest, enkelt og minimalistisk. Han prøvde ikkje å verke intelligent. Det same kan seiast om Roger Ebert, som eg har lese mykje av. Han skriv så folk flest forstår, og det er ein filosofi eg kan relatere til.
Snart kjem ei ny historie. Eg veit ikkje om folk orkar å lese det eg legg ut på Mørkeloftet; det er ferskt og rått. Eg håpar å møte andre som skriv her til lands, og finne andre norske bloggar. Som alltid synest eg det er kjekt å treffe nye folk innanfor interessene våre, og leve livet i harmoni.
DÅ legg eg frå meg «pennen» for denne gong.
Bruk kommentarfeltet om det fristar!