Mørkret

Mørkret


Mørkret

1.

Drypp. Det draup. På hovudet mitt. Eg var tørr i halsen, heile vegen til svelget, og eg smatta; ein metallisk smak i kjeften. Eg var forvirra, kjende eit ubehag av å liggje på våt grunn. «Makan til hangover», tenkte eg.

Eg hadde ikkje lyst, men eg opna dei, auga. Grått og svart, alt omkring meg. Andlet av demonar stira på meg frå steinveggen, der eg kikka, frå der eg låg. Ei lampe laga skuggespel; ho låg ved sida mi og var svak.

Eg stod opp, vart svimmel og ramla ned att på den våte, klissete bakken. Kom meg på kne og kikka meg rundt, men lyset var så svakt. Eg tok lampa og reiste meg. Stein, ikkje anna enn stein rundt meg. Det var stille her, som i grava, bortsett frå drypa. Lufta var rå og innestengd, som om ho var tusen år gammal, kanskje meir. «Kva?», tenkte eg.

Vagt hugsa eg meg sjølv i stova, i godstolen min – eg såg på nyheitene og drakk Hansa-pilsner og rein vodka – og der stoppa minnet, bortsett frå kvitt skum. Ikkje av øl, men av sjø. Kvitt skum i fjøra, og lyden av dønningar frå havet. – Nei. No visste eg ikkje kven eg var eller kva eg ville.

Men eg visste éin ting: lampa hadde ikkje lenge att, for lyset var svakt, batteriet var snart tomt. Og eg var svolten og tørst, og kald av denne fuktige lufta. Tida var knapp, det skjønte eg. Eg forstod at eg var i ei hole, inne i eit fjell ein stad. Men utan lys – eg ville ikkje tenkje på det ein gong, så eit instinkt slo seg automatisk på, ei programmering eg ikkje visste eg hadde – eg var ikkje redd, for eg måtte leve. Overleve.

Hola vart større og større. Eg gjekk frå hjørnet eg låg i då eg vakna. No, når eg fekk orientert meg der lampa lét meg sjå, forsvann steintaket og vart erstatta med svarte og grumsete skuggar. Eg gjekk på eit golv av hard leire og sand, ein uleveleg stad for noko grønt, ikkje ein gong insekt kunne bu her. Eg kunne ikkje sjå fotspor då eg gjekk mot midten av rommet. Der kunne eg ikkje sjå tak i det heile; alt var svart der oppe. Eit lite kakk på lampa hjelpte ikkje.

«Hallo!», ropte eg, men ingenting, ikkje eit lite ekko.

Eg snubla og mista lampa, ho rulla langs bakken. Noko svart låg framfor meg, i skuggen. Eg henta lampa som låg på ein kant; nedanfor var det svart. «Flaks», tenkte eg og gjekk tilbake til det som låg på bakken. Det var ein liten kassettspelar med antenne for radio. Inni han var det ein kassett. Eg stira lenge på han, kikka meg rundt og tilbake på spelaren. Eg trykte play. Det kom ikkje musikk, men ei stemme.

Eg slo av. For stemma var mi.

Eg tok eit steg tilbake, snudde meg kjapt, kikka meg rundt etter nokon som kunne fortelje meg «aprilsnarr», men eg hadde jo ingen vener. Eg var kanskje ikkje redd, men ein panikk banka på i panna; eg kunne kjenne kaldsveitten. Etter litt gåing fram og tilbake der i midten, fann eg ein stein og sette meg. Bilete av bølgjer som slo inn mot steinar, kom over meg, og eg rista på hovudet. Eg sette både lampa og kassettspelaren framfor meg. Det tok ei stund, for eg ville ikkje trykke på play. Men eg måtte. Så eg spola tilbake og starta bandet.

«Ssssss… hugsar du? Veit du kor du er? … eg skal fortelje ei lita historie. Ssssss… Ein gong, for lenge sidan, var du her. På klassetur. Du var tøff den gong, ein skikkeleg rundbrennar. Ein gong. Men no er du eit intet, eit skrømt. Ssssss… Du. Du har gløymt. At. Ein gut forsvann her. Sakna. Aldri funnen. Fordi du… tøffa deg. Framfor ei jente. På veg ut. Sist i gruppa. Og du… ssspøkte… for å skremme Jens… ssss… som forsvann den dagen… du laug. Jenta laug… du var feig… Jens… sssssss… vart aldri funnen… Lat oss sjå kva du… ssss.. synest om mørkret… kanskje treff du… Jens… sss»

Eg slo av. Eg vart redd. «Kva i helvete går føre seg her?» sa eg høgt, utan eit lite ekko av stemma mi. «Er dette ein spøk, ein morbid spøk?»

Jens? Kven var Jens? Eg hugsar ingen Jens. Klassetur? Ja, eg kunne vagt hugse ein slik tur, og Camilla. Umogleg å gløyme Camilla. Stakkars Camilla. Vi var på ei utflukt med heile skulen, i ei hole, men dette var tredve år sidan, minst. Eg kan umogleg vere her! Eg sat jo og såg på TV! Eg ropte FAEN så høgt eg kunne, men lyden vart dempa på sekundet. Eg skjerpa meg. Eg var inne i ei slags hole, og eg måtte ut. «Kor er utgangen?», tenkte eg.

Lyset døydde. Alt vart beksvart. Eg sat framleis, utan å røre meg. Eg stira rett fram, mot mørkret, mot eit kolsvart intet. Kunne like gjerne ha døydd, for ingenting sanseleg var tilgjengeleg for sansane mine. Jens? Hola? Eg som… tøffa meg? Men eg var jo alltid snill. Mange var mykje verre enn meg. Jens. Det var ein Jens på skulen eg gjekk, som vart mobba. Ein spinkel liten gut, som aldri prata og heldt seg for seg sjølv. Men eg var aldri ein mobbar. Forsvann i hola, her? Er det min feil?

Kassettspelaren starta av seg sjølv! Eg fraus.

«Ssstakkars Camilla. Det gjekk ikkje bra med ho. Tok så mange feil val i livet… ssss… heilt åleine til slutt… ingen barn, ingenting… og duu.»

Eg slo av, men han starta igjen.

«Duuu berre heldt fram. Drikkinga, sssupinga, kvinnfolka, evig festing. Men no… er det din tur… å møte hola… ssss… Svein.»

Spelaren stoppa, og eg sat der, midt i ei hole, pissredd medan tårene rann frå auga i bekmørkret.

2.

Svein sat åleine i mørkret, djupt inne i ei hole. Han ville berre døy, der han sat. Utan lys frå lampa var han fortapt. Alt han hadde var tankane, og tankane kunne halde på så lenge energien heldt kroppen gåande. Utan mat, og verre: utan vatn, hadde han knapt ein dag eller to. Svein var tørst, for han hadde drukke store mengder alkohol før han brått vakna i hola.

Etter nokre timar sat han der berre. Utan ein tanke, og stira mot intet. Han følte eit nærvær i hola, for kven hadde trykt på play? Jens kunne stå like ved han utan at han visste det, men i fortvilinga brydde han seg ikkje lenger. Han aksepterte skjebnen og var viljug til å døy. Svein overgav seg.

Minna strøymde på, tankar han ikkje kunne kontrollere. Ein film byrja å spele i hovudet hans:

1995

Svein gjekk saman med Camilla og Jens i hola. Lærarane hadde ikkje kontroll på flokken; dei sat på utsida og venta. Hola var ikkje enkel å utforske. Her var tronge passasjar og hyller som kravde tau og klatring. Svein flørta med Camilla medan Jens gjekk bak dei. Han hadde berre hengt seg på nokon, for han kjende ingen på skulen, og han gjekk der med stor anger for at han ikkje hadde skulka denne dagen. Holer var ikkje for han eller astmaen hans. Han sakna rommet sitt.

Svein hadde klatra opp eit tau, opp på den siste hylla før vegen til utgangen. Camilla kom etter, og Svein hjelpte ho opp den siste meteren. Jens stod nede med lommelykta si, som hadde vorte svak. Han kakka på ho, til inga nytte. Så tok han etter tauet, men tauet var der ikkje lenger. Han kikka opp mot hylla.

«Hallo!?»

Men han høyrde berre knising og kviskring.

«Gje meg tauet!» ropte Jens, men no hadde det vorte stille der oppe på hylla. Han kunne ikkje sjå at Svein hadde teke med Camilla til sides for å kline; dei var no så opptekne av tenåringsrusen at spøken vart gløymd. Jens ropte og ropte, men denne hola gjorde merkelege ting med lyden. Han stod der og kikka opp i fortviling då lommelykta døydde og alt vart svart. Jens pusta raskt, han tok fram astmamedisinen, men mista han. Han kvaldest og mista hovudet, vart panisk, prøvde å klore seg oppover som eit vilt dyr. Neglene knakk av, blodet rann, og han skreik ein umenneskeleg lyd.

Samstundes stod Svein og tungekyssa med Camilla, og dei avbraut først då dei høyrde læraren rope frå utgangen: «Kjapp dykk på!» Dei kniste og kyssa litt til. Så kikka Camilla bak seg. «Vi må få opp Jens», sa ho.

Dei gjekk rundt svingen, til hylla, kasta ned tauet og kikka ned. Der var ingen Jens.

«Jeeeens!» ropte dei.

«Køddar han med oss, eller?» sa Svein litt irritert.

«Jeeens, kom til tauet!»

Men her var ingen Jens. Camilla ropte og ropte. Svein klatra ned, sprang inn til det store rommet, ropte «Jens!» og sprang tilbake til tauet. «Har Jens klatra opp sjølv? Er han ute?» Camilla sprang til utgangen, gråtande.

Etter kvart kom lokalkjende guidar, lensmann og redningsfolk. Dei undersøkte hola heile dagen og dagane etterpå – men Jens vart ikkje funnen.

Svein og Camilla prata med lensmannen og kriseteamet, og sa at Jens var like bak og at dei ikkje kunne forstå kva som hadde skjedd. Dei laug og plasserte skylda på læraren, at det var hans vakt og ansvar. Det vart krangel og kaos. Familien til Jens kom. Det eksploderte i sinne utanfor hola der Jens hadde forsvunne. Far til Jens kasta seg på læraren og slo han. Svein og Camilla vart kjenslemessig numne; dei ante ikkje kva dei hadde stelt i stand, og frå den dagen skulle livet aldri bli det same for nokon av dei.

Leitemannskapet måtte til slutt gje opp, og saka vart til eit mysterium som prega lokalsamfunnet. Folk slutta å reise til hola, i frykt for kva dei ville møte på. Det vart stor mediedekning; heile landet fekk vite om Jens og Hola. Profesjonelle holeutforskarar kom langvegsfrå for å finne Jens, men til inga nytte. Hola var stor og hadde mange krinklar og krokar, og smale passasjar der vaksne aldri kunne kome gjennom, og ingen teknologi var oppfunnen til hjelp.

Tida gjekk. Saka vart gløymd. Camilla og Svein måtte tilbake til livet, kvar sin veg. År for år forsvann alle minne rundt Jens og hola. Camilla gifta seg med ein konemishandlar. Svein vart glad i alkoholen. Hola fekk til slutt vere i fred.

3.

Mørkret. I mørkret såg eg feila mine. Eg såg at eg i heile mitt liv hadde fortrengt alt rundt Jens og hola; eg drakk vekk sorgene mine, enkelt og greitt. I snart tredve år hadde eg ikkje gjort anna enn å flykte, flykte inn i festen, enkel moro, fordi eg ikkje klarte å handtere feila mine, gjerningane mine. At eg gjorde noko så grusomt mot stakkars Jens, for ei liding.

Eg sette meg på kne, falda hendene og bad: «Kjære Jens, unnskuld. Eg veit du aldri kan tilgje meg, at det eg gjorde var feil, men no forstår eg kvifor eg er her – for å forstå at eg var ein mobbar, som gjorde fæle ting mot deg og andre. Unnskuld. Unnskuld. Unnskuld. Om du høyrer meg, unnskuld. Eg var ung og dum. Eg hadde foreldre som drakk og ikkje brydde seg om meg, og eg lét andre svi fordi eg sjølv hadde det låkt. Unnskuld. Tilgjev meg, høyrer du Jens, tilgjev meg!»

Ei lette kom over meg. Eg slapp inn eit lys i meg – i mørkret, av alle stader. Eg vart fri frå lenkene i underbevisstet, og eg svor til meg sjølv: Slepp eg levande ut, skal eg bruke resten av mitt liv på å gjere godt, å hjelpe andre som slit. Eg fann i blinde ein skarp stein på bakken. Eg pressa han hardt mot underarmen, til blodet kom. «Sjå her, eg, Svein, sver med mitt eige blod at eg skal gjere godt, i Jens sitt namn!» Eg pressa hardare og brølte i smerte. Blodet rann ned på bakken. Eg reiv sund genseren og rulla han rundt såret. Og venta på svar.

Ingenting. Alt var stille i hola. Høyrde berre dryp frå sprekker. Var dette min dom, å døy i hola, å kvile med Jens? Svart, berre svart. Så ein lyd. «SssSssSssSss.» Kassettspelaren hadde starta igjen.

«Jens!?» sa eg og strekte ut handa i blinde.

«SssssSssSssss» suste det frå spelaren. Vent litt, tenkte eg, dette er eit teikn. Kva om… nei, vent litt no. Jo… Eg kraup litt, klappa på bakken, fann spelaren. Klappa meir på bakken, fann lampa. Eg opna lampa på undersida, fekk ut batteria, følte meg fram på baksida av kassettspelaren, fekk opna loket og kjende på batteria. «Same storleik», sa eg, og plasserte batteria inn i lampa. Eg trykte på. Ingen lys. Eg snudde om på batteria, feste loket under.

«Jens», sa eg, «ver så snill, eg ber deg, la meg leve.»

Alt var stille. Eg tok handa forsiktig på knappen på lampa og kneip att auga. Eg trykte.

4.

LYS! Eg kunne sjå! Eg var åleine. Her var ingen Jens. Eg kjende meg religiøs, eg kjende meg frelst, eg hadde lyst å rope «Halleluja!» Eg såg blodet på bakken, blodet mitt som skulle bli ein del av hola i tusenvis av år, som eit prov på mi godheitspakt. Eg var Kristi oppstode nummer to.

Eg kunne ikkje kaste vekk tid no. Lampa lyste kraftigare enn før, og eg kunne sjå betre i hola. Tredve år sidan eg var her med Camilla og klassa. No hugsar eg. Dette var kammeret, det store rommet inst i hola. Eg såg utanfor kanten der lampa var nær ved å falle; det var berre knappe 30 centimeter ned.

No var eg gjenfødd, eit friskt og nytt menneske. Eg gjekk mot første passasje, kom til ein trong tunnel, eg kravla på alle fire gjennom, med lampa framfor meg. Eg forstod ikkje heilt korleis eg hadde kome meg hit. Kor var minnet mitt? Hadde spøkelset til Jens kidnappa meg? Men eg hugsar eg var sørpedritings, så alt var mogleg. Gjennom tunnelen, vidare ned frå ei hylle. Eg gret, tårene rann, eg skalv av ekstase, eg følte universets harmoni og godleik som rasa gjennom hola som ein stråle. Eg tenkte på Camilla, min livs kjærleik, som eg mista fordi vi ikkje visste betre, og eg håpte ho var på ein betre stad, at ho hadde det godt der ho var.

Så var eg komen til siste etappe. Tauet hang framfor meg. Der oppe hadde eg og Camilla stått. Og same tauet vi drog opp for å spøke med Jens. At vi kunne vere så slemme, tenkte eg. Tredve år, utruleg kor tida hadde rasa forbi. Eg var i femtiåra og fortapt, men no var det håp. Opp til hylla, gjennom ein passasje og opp ein bakke, der var utgangen, der venta fasaden av fjellet og utsikt til havet. Kanskje var det dagslys der; eg var tidsblind. Eg heldt lampa framfor meg, men her var ikkje skrapemerke, som eg hadde førestilt meg. Eg feste lampa i beltet på rumpa. Tok tak i tauet og starta klatringa. Halvvegs oppe. Eg var ikkje sprek som før.

Tauet rakna. Eg fall.

Det kjendest ut som eg fall 100 meter i saktefilm. Eg kunne sjå meg sjølv stå oppe på kanten saman med Camilla, som kniste og hånflira mot meg. Eg landa hardt, slo meg skikkeleg. Lampa mista gneisten, der ho låg ved sida av meg, like skadd som rumpa mi. Eg var kjapp, reiste meg, eg tok opp tauet og såg at det var skore på i enden.

«?»

Kva fanden gjekk føre seg her!? Eg kikka opp mot hylla, syntest eg høyrde knising. Eg retta lampa over hovudet mitt, mot hylla, syntest eg såg ein skugge. Så såg eg lyset sakte svinne hen i lampa, og nok ein gong var eg omringa av mørker.

5.

Sola hadde byrja å fargeleggje utsida av fjellet. Det var ein vakker dag med ein fin sjøbris i lufta. Havet låg der framfor fjellet, og ein kunne høyre drønnet frå havbåra som slo inn mot fjøresteinane og la frå seg skum. Ein måse landa ved inngangen av hola, med fersk fangst frå havet som han slukte heil, og verken måsen eller anna levande kunne høyre skrika frå innsida av fjellet. Verda på utsida gjorde seg klar for ein ny dag.

Svein var hes i stemma, og han hosta blod, for stemmebandet hans hadde anstrengt seg så mykje at det sleit av. Han stoppa opp, stod litt utan balanse. Så sprengde ei sikring i hovudet til Svein, ei indre sprenging i form av ein sopp frå ei atombombe. Ei kjensle av kveling, som om nokon tok tak rundt halsen og klemte hardt, gjorde at han mista fullstendig kontrollen. Han klora seg dyrisk opp mot hylla i panikk, neglene knakk då dei skrapa mot den sleipe, slimete steinveggen. Han kunne ha klatra om han hadde vore atletisk, men fall på golvet med sine hundre kilo, og blodet rann frå fingrane. Ikkje fekk han grep, for kantane var søkkvåte av blod. Han byrja å skrike, eit umenneskeleg skrik. Han datt på kne, ikkje for å be denne gongen.

Som eit skada dyr kraup han langs golvet inne i hola, kraup og kraup, hovudet stanga gang på gang i harde steinvegger, men han heldt fram. Han kraup i mørkret, heilt blind, der han klarte, og skvisa kroppen gjennom passasjar og tunnelar, og han vart aldri funnen.

For ingen visste han var vekk. Han vart aldri sakna. Det vart aldri ei sak.

I all stillheit forsvann han frå jordas overflate, og bur no i mørkret.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *